Lastar Hendingar

« All Events

  • Dette arrangementet er ferdig.

Medlemstreff på Erketunet Gardsbakeri

16. september kl. 14:3017:00

Det går mot haust – og det er tid for å møtast på Erketunet att!
Sogn og Fjordanelaget inviterer til uformell samling på

Erketunet gardsbakeri – onsdag 16. sept. 2026 kl. 14.30–17.00.
Stad: Tordenskjolds gate 12 (der Rosenkrantz gate munnar ut på Rådhuspl.)

Erketunet gardsbakeri er ein romsleg og triveleg kafé med bakeriutsal.
Mange frå Sogn og Fjordanelaget har allereie vore med på samlingane der.
Vi som har vore der, kan trygt anbefale Erketunet og baksten deira.

Erketunet er lett å finne: Gå på sjøsida av Rådhuset – mot Akershus festning –
andre kvartalet etter Rådhuset, då finn du Erketunet gardsbakeri.
Det hadde vore kjekt om DU òg tok turen dit onsdag 16. september!

 

Søndag 27. september blir det kultur-tur opp til Nordfjordhytta –
med lokalhistorie-kjent person frå området.
Dette kjem det meir informasjon om, men merk deg datoen alt no.

Sogn og Fjordanelaget i Oslo
Anny Sollid, lagsleiar

Detaljar

  • Dato 16. september
  • Tid:
    14:30 – 17:00

Detaljar

  • Dato 16. september
  • Tid:
    14:30 – 17:00