Lastar Hendingar

« All Events

Smalahovegilde på Pustut

24. oktober kl. 18:00

Sogn og Fjordanelaget inviterer til smalahovegilde på Sunnfjordhytta (Pustut),
som ligg like ved Sinober sportsstue i Lillomarka, laurdag 24. oktober kl. 18.
Som vanleg vert det svidde hovud med poteter, kålrot, gulrot og flatbrød. Kvar enkelt
tek med høveleg drikke til maten.

Smalahovegildet kostar kr 300 per person. Betal gjerne til kontonr. 0531 27 71723.

Påmelding seinast tysdag 20.10. til
Oddgeir Havn på tlf. 902 09 393, gjerne SMS, eller Andor Gjelsvik, 915 51 058.
Vi kan òg opplyse om korleis komme seg til hytta, om nokon er usikker på vegen til
Sinober (frå Snippen eller Movatn i Maridalen eller frå Sagtomta i Nittedal).

For dei som vil ta tog, høver det å ta Gjøviktoget frå Oslo S (Spor 6) til Snippen.
Men sjekk kva tog som stoppar der! Toget stoppar på Tøyen, Grefsen, Nydalen og
Kjelsås, så ein treng ikkje reise frå Oslo S.

Dei som vil overnatte til søndag, tek med litt frukostmat og sovepose eller lakenpose.

Vel møtt!

Helsing hyttestyret i Sogn og Fjordanelaget
Oddgeir Havn

Detaljar

  • Dato 24. oktober
  • Tid:
    18:00
  • Kategori:

Detaljar

  • Dato 24. oktober
  • Tid:
    18:00
  • Kategori: