Vellukka dag på Nordfjordhytta søndag 27. april

   

I strålande aprilver var 16 personar (fleire born) innom hytta. Dei fleste var turfolk frå Rykkinnområdet, men også nokre lagsfolk. Hyggeleg prat rundt utebordet der komiteen diska opp med kaffi og kaker. Nye, trivelege kjennskap, m.a. ein kar som var med å transportere byggematerialar då hytta vart bygt.
Dessverre var ein primus motor i komiteen, Torkjell, sjuk, og kunne derfor ikkje vere med.

Tekst: Dagfinn Aa
Foto: Astrid Fridtun og Dagfinn Aa ©