Lastar Hendingar

« All Events

  • Dette arrangementet er ferdig.

Soppvandring i Lillomarka

14. september 2024 kl. 8:0018:00

Soppvandring i Lillomarka laurdag 14. september

Merk! Ved påmelding så gi opp Sunnfjordlaget som medlemslag.
Ved ein feil er Sunnfjordlaget registrert istaden for Sogn og Fjordanelaget.

Bygdelagssamskipnaden (BLS), Valdreslaget, Sørlandslaget og Sogn og Fjordanelaget i samarbeid med Oslo og omegn sopp- og nyttevekstforening (OOSN) inviterer til soppvandring i Lillomarka laurdag 14. september. Dette er oppfølging av suksessen med soppdagen under BLS-jubileet i fjor. Det er lagt opp til at deltakarane møtest på fastsette stader, og så går på soppjakt på veg til ei av lagshyttene. Dei som vil til Sunnfjordhytta (Pustut), møter på Movatn stasjon kl. 10:15. Dei som vil til Valdreshytta, møter på Snippen stasjon kl. 10:05, og dei som vil til Sørlandshytta, møter på P-plass/endestasjon for buss 56 på Solheimskogen kl. 10:00. Frammøtetidene på Snippen og Movatn er tilpassa tog frå Oslo S til Jaren kl. 9:44.

Ved desse møtestadane er det turleiarar i grøne vestar. På turen til hyttene går ein på soppjakt saman med turleiarane som er soppekspertar. Framme på hyttene vert det kort orientering om laga og hyttene. Det vert så informasjon om sopp, og ein lagar og serverer soppsuppe. Det er lagt opp til at ein kan ta tog attende til Oslo S frå Movatn/Snippen litt før kl. 16:30.

Det er ei avgrensing på 20 deltakarar på turen til Pustut. Det er ei deltakaravgift på kr 75. Påmelding og betaling skjer på

https://oosn.soppognyttevekster.no/kalender

Der er det meir informasjon om turane.

Det er ingen påmeldingsfrist; prinsippet er «først til mølla». Er det fullt, så er det fullt. Alle som vil vere med, må melde seg på, også medlemar av laga.

Vi vonar at mange, både medlemar og andre, vert med på soppvandringa.

Detaljar

Dato
14. september 2024
Tid:
8:00 – 18:00

Stad

Pustut
Sinoberveien 43
Nittedal, 1480 Norway
+ Google-kart

Detaljar

Dato
14. september 2024
Tid:
8:00 – 18:00

Stad

Pustut
Sinoberveien 43
Nittedal, 1480 Norway
+ Google-kart