Det vert sein smalahovehelg i år,
2.–3. november – sauene har hatt så gode fjellbeite.
Vi satsar på tradisjonen med smalahove, poteter og kålrabi. Og kaffi og kaker etterpå.
Maten vil vere ferdig til servering kring kl. 19.00, men kom gjerne tidlegare.
Hyttestyret står for innkjøp til smalahovegildet. Dei som vil overnatte til søndag, tek med litt frukostmat/drikke.
Pris for sjølve smalahovegildet er ca. kr 200; kr 300 for dei som overnattar. Endeleg pris vert bestemt når vi ser kva innkjøpet kostar.
På grunn av innkjøp vil vi gjerne ha påmelding seinast 25. oktober til Agnar Hegrenes, tlf. 924 96 438
(send gjerne SMS).