
Smalahovegildet er på Pustut laurdag 1. november. Som vanleg vert det svidde hovud med poteter, kålrot, gulrot og flatbrød. Maten skal vere klar til kl. 18. Kom gjerne i god tid, det myrknar tidleg no.
Smalahovegildet kostar i år kr 270 per person. Betal gjerne til kontonr. 0531 27 71723. Kvar enkelt tek med høveleg drikke til maten.
Påmelding seinast tysdag 28.10. til
Oddgeir Havn på tlf. 902 09 393, gjerne SMS, eller Andor Gjelsvik, 915 51 058. Han kan òg opplyse om korleis komme seg til hytta, om nokon er usikker på vegen til Sinober (frå Snippen eller Movatn i Maridalen eller frå Sagtomta i Nittedal).
For dei som vil ta tog, høver det å ta Gjøviktoget frå Oslo S (Spor 6) til Snippen. Men sjekk kva tog som stoppar der! Toget stoggar på Tøyen, Grefsen, Nydalen og Kjelsås, så ein treng ikkje reise frå Oslo S.
Dei som vil overnatte til søndag, tek med litt frukostmat og sovepose eller lakenpose.
Vel møtt!
For hyttestyret, Oddgeir Havn


