Vi inviterer til hyttehelg med god mat og drikke og prat.
Ta med litt ost, kjeks, frukt og høveleg drikke til festmåltid kl. 19.00 laurdagskvelden.
Dei som blir over til søndag tar også med litt frukostmat til lang, felles søndagsfrukost.
Vel møtt på hytta!
Helsing hyttestyret v/Dagfinn Aa
Inngår i hyttekarusellen til BLS.
BLS Hyttekarusell i høve BLS 100 år.
Hyttekarusellen held fram utover hausten. Det gjeld å vitja flest mogleg av lagshyttene i løpet av jubileumsåret. Alle hyttene og vegen dit er omtalt i dokument som du finn på nettsida til BLS. Trekning av (fine) premiar blant deltakarane (komlemiddag, tre retters middag, konsert og teaterbillettar, bøker). Vinnarane blir kunngjort i samband med Jubileumsframsyninga på Det norske teatret laurdag 28. oktober 2023.
Hyttebesøk skal registrerast ved å klikke inn på følgjande skjema: https://forms.office.com/r/G3uhgkSG2m.
Det må sendast inn eitt skjema for kvar hytte ein besøkjer. Besøker ein fleire hytter på same dag kan ein krysse av for det i same skjema.