Folkedansaktiviteten i laget vart i mange år teken vare på av laget sin eigen leikarring, Sogn og Fjordaneringen.
Ringen dansa dei fleste former for norsk folkedans: Gamaldans, turdans, bygdedans og songdans.
Leikarringen vart stifta i 1954 av medlemer frå Sognelaget i Oslo, Sunnfjordlaget i Oslo og Nordfjordlaget i Oslo.
Siste åra var interessa for ringen vesenleg minkande. Frå 2024 vart drifta stoppa.
Ringen har framleis eiga heimeside der du f.eks kan gå inn på fana Minnebok og finne referat med bilde frå mange aktivitetar gjennom mange år.