Sogn og Fjordanelaget i Oslo
  • Heimatt
  • Om laget
  • Aktivitetar
  • Hyttene
    • Pustut
    • Nordfjordhytta
  • Folkedans
  • Tre Fjordar
  • Bli medlem
  • Kontakt oss
  • Nyttige linkar
  • Grasrot
  • Menu Menu

Nordfjordhytta sett frå sørvest

Nordfjordhytta ligg på Eineåsen ovanfor Rykkinn i Bærum. Hytta ligg høgt og fritt med fantastisk utsikt over store delar av Bærum og Oslofjorden mot Nesoddlandet. Her er det fint å nyte sola ein fin sommardag. Bakom ligg marka og innbyr til turar både sommar og vinter.

Turen til fots opp frå Busoppveien på Rykkinn er ikkje lang, men litt bratt. Det kan vere greitt å rekne med at det tar 30-60 min.

I lagets regi har det blitt tradisjon med rekeparty om våren og osteparty om hausten.

Hytta har 3 soverom med totalt 10 køyesenger, stor hems og romsleg peisestove, spisestove og kjøken. Hytta har ikkje elektrisk straum, men solcellestraum til lys. Gass til koking, og vatn frå bekk i nærleiken av hytta. God plass til 10-15 personar.

Her finn du kart over skogsvegen frå Rykkinn.

Utleigekontakt:
Dagfinn Aa
dagfinn.aa@online.no

Previous Previous Previous Next Next Next
123456
Open image in lightbox: Nordfjordhytta utsikt Open image in lightbox: Nordfjordhytta utsikt
Open image in lightbox: Utsikt frå Solfjellplatået Open image in lightbox: Utsikt frå Solfjellplatået
Open image in lightbox: Osteselskap Open image in lightbox: Osteselskap
Open image in lightbox: Hesteskoaktivitet Open image in lightbox: Hesteskoaktivitet
Open image in lightbox: Hyttesøndag Open image in lightbox: Hyttesøndag
Open image in lightbox: 40-årsjubileum Open image in lightbox: 40-årsjubileum
© Kopirett - Sogn og Fjordanelaget i Oslo - Enfold WordPress Theme by Kriesi
Scroll to top Scroll to top Scroll to top