
Oppdatering 25.9
Fekk følgjande melding frå lokalhistorikar Bård Mostveit i går:
«av familiære årsaker må jeg dessverre melde forfall til Nordfjordhytta på søndag.»
Hyttesøndagen kl. 12-15 blir likevel gjennonført.
Vi satsar på klassiske aktivitetar som natursti/kviss og hesteskotevling.
Og sjølvsagt kaffi og kaker.
Vel møtt på Nordfjordhytta søndag i fint haustver!.
Helsing
Hyttekomiteen
————————————————————–
Hyttekomiteen inviterer til kulturtreff på Nordfjordhytta søndag 27. september kl. 12-15 der lokalhistorikar Bård Mostveit frå Rykkinn vil fortelje om gruvedrifta (jarnmalm) i Eineåsen på 1600 – 1700 talet. Han vil og fortelje om Solfjellstua som vart bygd i 1927 og brann ned i 1981. Solfjellstua var i mange år serveringsstad for turfolk på Eineåsen.
Som vanleg på desse søndagshytteturane blir det kaffi og kaker.
Vel møtt!
Helsing
Hyttekomiteen



