Smalahovegildet på Pustut 1. november


Smalahovegildet 2025 var på Sunnfjordhytta laurdag 1. november. Som vanleg var det svidne hovud frå Smalahovetunet på Voss, med poteter, kålrot og gulrot – og flatbrød til alt som er godt… Me var berre åtte til bords, frå venstre Pia Friis (røynd smalahove-etar frå Smalahovefelaget på Rodeløkka), svigerson til Andor, Agnar Hegrenes, Birger Underdal, Oddgeir Havn og Andor Gjelsvik – og Gudmund Holstad og Alv Reidar Dale, som tok biletet, utanfor vidvinkelen. Framifrå mat og svært god stemning.

Andor og Agnar, Birger og Gudmund og Oddgeir hadde bore maten til tuns, fyrt i omnen og stelt vel i stand. Og til kaffien kom vår gode hyttegranne (og medlem) Gisela Attinger med kake og blei med oss.

Det var grått og vått ver til og frå, men ein kveld på Pustut som var verd turen!

For gjestene, Alv Reidar D.
Foto: Alv Reidar D.