Sommaren 2020 ramla flaggstonga (reist ny i 2012) ned grunna uforklarleg roteskade i toppen. Nederste 2/3 av stonga var frisk. Det vart beslutta same hausten at vi ville prøve å rehabilitere (i tydinga skøyte) den friske delen av den gamle med ein ny del i toppen. Tilfeldigvis hadde vi liggjande ein slik tørr toppdel under rafta på uthuset. Men som vi veit: ting tar tid. Først i 2024 vart det vesentleg framgang i arbeidet. Sommaren 2025 vart siste hand lagt på verket som konstruktørane har fått mykje skryt for. Ein må nær inntil for å sjå at stonga er skøytt.
Laurdag 27. september, i 65-årsjubileumsåret for hytta, var så den store dagen komen at stonga skulle reisast. Dette var same dagen som hyttestyret hadde invitert til osteselskap med oppfordring om dugnadsinnsats med reisinga.
Alt gjekk etter planen. Til slutt kunne vimpelen blafre i toppen. Flott 65-årsmarkering for hytta!
Takk til dugnadsgjengen.
Etterpå var det osteselskap
Bilde: Astrid Fridtun © og Dagfinn Aa ©
Tekst: Dagfinn Aa








