Sogn og Fjordanelaget i Oslo tek vare på kultur og tradisjonar frå Sogn og Fjordane,
og tilbyr innflyttarar til Oslo frå fylket ymse aktivitetar i samsvar med dette.
Laget tibyr og andre aktivitetar som teaterbesøk, omvisningar, turar m.v.
Laget vart skipa i 01987 ved ei samanslåing av
Sognelaget i Oslo, Sunnfjordlaget i Oslo, og Nordfjordlaget i Oslo.
Sognelaget i Oslo vart skipa i 1914.
Sunnfjordlaget i Oslo vart skipa i 1916.
Nordfjordlaget i Oslo vart skipa i 1915.
I åra fram til omlag 01950 hadde desse laga ikkje så mykje felles aktivitetar.
I byrjinga av 50-åra auka interessa for folkedans blandt medlemene, og i 1954 vart Sogn og Fjordaneringemn skipa som ein felles leikarring for desse laga.
Laga hadde lagsmøter tredje kvar veke med program og dans. Det var stort sett såkalla moderne dans på desse møta. Ofte var underhaldinga på møta framført av eigne medlemer med revy og teater.
I tillegg til lagsmøta skipa laga til offentleg dans i ymse lokale rundt i byen. Dette gav gode inntekter til laget.
Rundt 1960 kjøpte laga tomter i Oslomarka og bygde seg hytter på dugnad. Sunnfjordlaget kjøpte ferdig hytte som vart noko ombygd. Hyttene var godt besøkt mest kvar helg i 1960 og 1970-åra.
I 1970-åra byrja laga med eit tettare samarbeid med felles lagsmøter og felles informasjon til medlemene.
Oppslutnaden om laga minka utover i 1980-åra og dette førte etterkvart til samanslåinga.