Laget har to hytter i Oslomarka.
Nordfjordhytta ligg på Eineåsen/Solfjellet over Rykkinn i Bærum.
Sunnfjordhytta eller Pustut som den heiter ligg ved Sinober i Lillomarka.
Sognehytta låg på Brunkollen i Bærum men denne vart seld i 1996.
Hyttene er eit fint utgangspunkt for turar i området både sumar og vinter.
Ingen av hyttene har innlagt vatn eller dusj.
Sjå elles info for kvar hytte.
Fint om mange vil bruke hyttene og nyte marka og hyttelivet.
Ta kontakt med hyttestyret om du vil nytte hyttene.
Vel «Kontakt oss» i menyen for kontaktpersonar.
Hyttene kan leigast.,