Sogn og Fjordanelaget i Oslo vart skipa i 1987
ved ei samanslåing av Sognelaget i Oslo, Sunnfjordlaget i Oslo og Nordfjordlaget i Oslo.
Laget tek vare på kultur og tradisjonar frå fylket og tilbyr innflyttarar til Oslo frå fylket
ymse aktivitetar i samsvar med dette.
Laget tilbyr og teaterbesøk, omvisingar, turar m.m.
Sognelaget i Oslo vart skipa i 1914.
Sunnfjordlaget i Oslo vart skipa i 1916
Nordfjordlaget i Oslo vart skipa i 1915
I åra fram til omlag 1950 hadde desse laga ikkje så mykje felles aktivitetar.
Rundt 1950 byrja arbeidet med å skipa ein felles leikarring
og i 1954 vart Sogn og Fjordaneringen skipa som ein felles leikarring for desse 3 laga.
Laga hadde lagsmøter med program og dans annakvar veke eller tredje kvar veke.
Leikarringen synte fram dansar på slike møter for å rekruttere fleire dansarar.
Rundt 1960 kjøpte laga tomter i Oslomarka og bygde seg hytter på dugnad.
Sunnfjordlaget kjøpte ferdig hytte som vart noko ombygd.
Hyttene var godt besøkt mest kvar helg i 1960 og 1970-åra.
I tillegg til lagsmøtene skipa laga til dans i ymse lokale rundt i Oslo.
Dette var ei god inntekt for ein slunken lagskasse.
I 1970-åra byrja laga med eit tettare samarbeid med felles lagsmøter og felles informasjon
til medlemene.
Oppslutnaden om laga minka utover i 1980-åra og dette førde til samanslåinga i 1987.







